Historie
Glesvær Handelstad ligg sydvest på Sotra, ein 40-45 minutters køyretur vest for Bergen. Med ein rask båt tar det ca. like lang tid.
Glesvær har vore sentrum for lokal handel og sjøfart i fleire hundreår. Første gong vi høyrer om Glesvær er i 1664. Då fekk bergenskjøpmannen Henrik Wessel handelsprivilegium her. Som væreigar var han småkonge på staden. Alle måtte levera fisken til han. Han fastsette prisen, og pengane han punga ut fekk han stort sett att på krambua eller i skjenkestova som han òg eigde. I fleire hundre år var Glesvær det største fiskeværet på Sotra. Hovudbygningen som væreigaren fekk oppført i 1688 står framleis nede ved kaia og vert no nytta som privathus. Bente og Hans Arne Blomvågnes-Bakke er no femte generasjon som driv Handelstaden.
I dag er plassen ein ynda plass for byfolk, og ein naturleg stad å samlast for dei lokale fastbuande. Turister frå Europa, og særleg dei frå Tyskland, er ivrige havfiskare, og kjem attende år etter år for å fiske. Utafor det store naustet ved kaien er det etablert sløyeplass med tilgang til vatn og egna bord.
Glesvær Rorbu har 8 koselege rorbuleiligheter til utleige. 4 med 2 doble soverom for 4 personer og 4 med 3 doble soverom for 6 personer. Til kvar rorbu er det mogeleg å leige båt med påhengsmotor. Me har gratis wifi og god mobildekning i alle rorbuene.
Me kan også tilby eit lokale som passer for selskap og møter for opptil 35 personar i den midterste rorbuen ved marinaen. Me har alle tekniske hjelpemidler; som wifi, prosjektor, lerret, flippover osb.
Glesvær kafè kan tilby alle måltider. Kafeen har alle rettigheter, og serverer måltider basert på sesongens råvarer. Det vert ofte arrangert mindre konserter, med både internasjonale og lokale artistar. Kombinert med ein god middag er dette kjekke høydepunkt for mange. Velkommen til ein opplevelse utmed storhavet.
|